A Web of Sound
A Web of Sound er det andre studioalbumet til det amerikanske garasjerockbandet The Seeds. Det var produsert av Marcus Tybalt og kom ut i oktober 1966 med singelen «Mr. Farmer» og den 14 minuttar avslutningssongen «Up In Her Room». Albumet gjekk ikkje inn på albumlista i USA, men fekk generelt god omtale av musikkritikarane. Bakgrunn og utgjevingSongaren Sky Saxon hadde ideen til plateomslaget til albumet som syner dei fire Seeds-medlemmane fanga i eit spindelvev. A Web of Sound vart produsert av Saxon under pseudonymet hans Marcus Tybalt. Saxon skreiv eller var medlåtskrivar på alle songane på albumet. To av dei er tilskriven Tybalt), og skreiv teksten i omslaget. Side ein bestå av seks songar og opnar med singelen «Mr. Farmer» og fortsette med andre garasjerock-aktige songar, dei fleste ganske korte.[1] Side to inneheld berre to songar, inkludert den 14 minutar lange «Up In Her Room», med slidegitar, elektrisk fuzz-bass, elektrisk piano, tamburin og trommer.[2] Albumet kom ut i oktober 1966 og fekk ikkje mykje merksemd i USA dei første månadane før etter «Pushin' Too Hard», ein song frå det debutalbumet deira, kom ut og gjekk inn på Billboard Hot 100-lista.[2] Mottaking
Pete Johnson skreiv for Los Angeles Times i 1967 at The Seeds hadde «blitt adoptert av hippiar – blomsterbarna – på grunn av songane med open slutt, som generelt ligg langs kanten av fint oppteikna tankar og didaktikk.»[2] Moderne musikkskribentar har samanlikna «Up In Her Room» med The Velvet Underground-songen «Sister Ray», som kom ut eit år seinare.[1][3][4][5][6] I boka All Yesterdays' Parties: The Velvet Underground in Print, 1966-1971, skriv forfattaren Clinton Heylin at «begge songane fungerer på same måte [...] og lytte til dei er som å stå nynnande i eit rom, der dusinvis av andre folk òg nynnar, i same tone, utan å variere, utan endring.»[5] Joe Viglione i Allmusic meinte at A Web of Sound òg påverka artistar som Iggy Pop og The Stooges og Alice Cooper.[1] Stewart Mason, òg frå Allmusic, skreiv at albumet blanda «den tarvelege aggresjonen frå The Seeds med nokre tyngre psykedeliske utsmykkingar.»[6] InnhaldSide ein
Side to
Medverkande
Kjelder
Information related to A Web of Sound |
Portal di Ensiklopedia Dunia