Soap Opera
Soap Opera eller The Kinks Present a Soap Opera er eit konseptalbum av The Kinks frå 1975. Det er det 13. albumet til The Kinks totalt. UtviklingMaterialet vart opphavleg utvikla for eit live fjernsynsteater på Granada TV i 1974, som vart send med tittelen Star Maker, med Ray Davies og June Ritchie i hovudrollene, og The Kinks med live akkompagnement. A Soap Opera bestod av dei same songane og plottet me Ritchie i same rolla som på fjernsyn. Planar om ein fullskala teaterturne vart aldri noko av, men The Kinks framførte heile albumet på turné i 1975. Sjølv om albumet vart dårleg motteke, kalla Dave Thompson ei uoffisiell piratkopiplate av ein av konsertane «ei openberring».[5] PlotSoap Opera er det tredje konseptalbumet til bandet i «teaterperioden» deira. Soga handlar om ein musikar kalla Starmaker som byter plass med «ein vanleg mann» kalla Norman for å forstå livet betre. Starmaker går og legg seg med kona til Norman, Andrea, og går på jobb dagen etter, og hamnar i rushet. Han arbeidar frå 9 til 5 og vitjar så puben, der han tek eit par drinkar før han går heim. Andrea møter han, og han fortel ho at «ho gjer alt verdt det». På dette tidspunktet mistar Starmaker grepet om røyndomen. Han veit ikkje kven han er lenger. Til slutt slår han seg til ro med Andrea, og aksepterer at han no berre er «eit andlet i mengda». Albumet konkluderer med at sjølv om rockestjerner forsvinn, lever musikken deira vidare. Starmaker er ei overdriven karakterisering av Ray Davies. Han brukte ofte sitt eige namn i sceneversjonen av Soap Opera og framførte tidlegare Kinks-songar som døme på arbeidet sitt som stjerne for å forklare at han ikkje eigentleg er den «vanleg» Norman.[5] Andre versjonarI 1994 spelte Moog Konttinen inn ei finsk omsetjing av albumet som Saippuaooppera.[6] InnhaldAlle spor skrivne av Ray Davies
Medverkande
med:
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Information related to Soap Opera |
Portal di Ensiklopedia Dunia