Puirt à beulPuirt à beul (uttalt [pʰurˠʃtʲ a ˈpial̪ˠ], bokstaveleg 'tonar frå ein munn') er ei tradisjonell songform frå Skottland (kjend som portaireacht på Irland) som set gæliske tekstar til instrumentale melodiar. Historisk blei dei brukte som musikk til dans når ein ikkje hadde instrument, og til å overføra instrumentale melodiar munnleg. KjenneteiknVanlegvis omfattar forma ein enkeltutøvar som syng muntre, nokre gonger våga tekstar. Orda blir av og til supplerte med meiningslause vokablar. I puirt à beul har som regel rytmen og lyden til songen meir tyding enn rytmen til teksten. Ein syng vanlegvis puirt i ein takt på 44 (reel eller strathspey) eller 68 (jig). Tradisjonelt har musikkforma blitt framført av ein solosongar, men det finst i dag også mange korarrangement av puirt à beul, og frå tid til annan blir det framført av grupper på festivalar. Nokre element av puirt à beul kan ha oppstått som hugsehjelp eller som alternativ til instrumentalformer som sekkepipemusikk.[1]
I kulturenEit kjent døme på puirt à beul er «Brochan Lom», som blir sunge i filmen Whisky Galore!, og opptrer som bakgrunnsmusikk i filmen The Bridal Path.[3] Eit anna eksempel, sunge av Kitty MacLeod og systera hennar, opptrer i Walt Disney-filmen Rob Roy, the Highland Rogue under bryllaupsfeiringa. Kjelder
Information related to Puirt à beul |
Portal di Ensiklopedia Dunia