Love Is a Rose
«Love Is a Rose» er ein song skriven av Neil Young. Han vart først populær i 1975 då Linda Ronstadt fekk ein countryhit med sin versjon. «Love Is a Rose» har òg blitt spelt av andre artistar gjennom åra. Neil Young-versjonenNeil Young spelte først inn «Love Is a Rose» i 1974 for eit album som då ikkje kom ut, Homegrown. Han vart seinare gjeven ut i 1977 på samlealbumet Decade. Homegrown kom omsider ut i 2020. Melodien for «Love Is a Rose» var henta frå ein annan song som ikkje var gjeven ut då han vart laga, «Dance Dance Dance», som til slutt kom ut på Live at Massey Hall 1971 i 2007. Det mangeårige bandet til Neil Young, Crazy Horse spelte inn songen med tittelen «Dance, Dance, Dance» i 1971 på albumet deira Crazy Horse og The New Seekers gav han ut på singel i 1972. Linda Ronstadt-versjonen
Linda Ronstadt spelte inn «Love Is a Rose» i eit countryarrangement på albumet Prisoner in Disguise i 1975. Utgåva hennar nådde femteplassen på Billboard Country Singles-lista. «Love Is a Rose» gjekk òg inn på «Billboard» Hot 100, men det var B-sida til singelen, «Heat Wave», som vart mest spelt av popradiostasjoanne og denne nådde femteplassen på Billboard-lista. Ronstadt framførte ofte songen på konertane sine i midten av 1970-åra. Salslister
Andre versjonar
Kjelder
Information related to Love Is a Rose |
Portal di Ensiklopedia Dunia