Prisoner in Disguise
Prisoner In Disguise (1975) er det sjette studioalbumet til den amerikanske songaren Linda Ronstadt og det andre på Asylum Records. Det følgde gjennombrotsalbumet hennar, Heart Like a Wheel, som vart det første av tre album som nådde toppen av Billboard-lista tidleg i 1975. HistorieRonstadt valde songar frå vener og låtskrivarar som James Taylor, Lowell George i Little Feat, J.D. Souther og Anna McGarrigle og ein song skriven og først spelt inn av Jimmy Cliff, i tillegg til ei tolking av Dolly Parton-songen «I Will Always Love You». Albumet har strykararrangement av David Campbell. Blant gjestemusikarane var Emmylou Harris, som song med Ronstadt på standardsongen «The Sweetest Gift». Den originale vinylalbumet kom eit dobbeltfalsa omslag, der midten inneheld bilete av forskjellite tekstark til songane, dei fleste handskrivne av dei originale låtskrivarane. Trisha Yearwood omtalte Prisoner in Disguise som ein inspirasjon, og tok med seg albumet til produsenten sin i byrjinga av karrieren og sa «Det er slik musikk eg vil lage.»[1] Mottaking
Steve Simels i Stereo Review skreiv i desember 1975 at synginga til Ronstadt på Parton-songen «I Will Always Love You» som «absolutt nydeleg, fyldig og intens».[6] Albumet nådde fjerdeplassen på Billboard-lista.[7] Det nådde òg andreplassen på country-lista,[8] og selde til platinaplate i USA. «Heat Wave» var ein rocka versjon av hitten av Martha and the Vandellas frå 1963, og nådde femteplassen på Billboard Hot 100. B-sida, Neil Young-songen «Love Is A Rose», vart òg spelt mykje på radio og nådde femteplassen på Hot Country Songs-lista.[9] Den dobbelsida singelen «Tracks Of My Tears», ein song av The Miracles frå 1965 og «The Sweetest Gift», ein eldre countrystandard som nyleg var blitt spelt av Seldom Scene,[10] gjekk òg inn på countrylista, på høvesvis 11. og 12. plasssen tidleg i 1976. «Tracks of My Tears» nådde òg 25. plassen på Billboard Hot 100 og fjerdeplassen på adult contemporary-lista. Eit albumspor skrive av Lowell George, «Roll Um Easy», vart populært på det nye AOR-formatet (album-orientert rock). Innhald
Salslister
Medverkande
Produksjon
Kjelder
Information related to Prisoner in Disguise |
Portal di Ensiklopedia Dunia