Whole Lotta Love
«Whole Lotta Love» er ein song av det engelske rockebandet Led Zeppelin. Han er opningssporet på det andre albumet, Led Zeppelin II, og vart i USA og Japan gjeven ut som singel. Det vart den første hitsingelen deira i USA og selde til gullplate den 13. april 1970, etter ein million selde eksemplar.[1] Som med andre Led Zeppelin-songar, vart ikkje singelen gjeven ut i Storbritannia, men han vart gjeven ut i Tyskland (der han gjekk til topps), Nederland (4. plass), Belgia og Frankrike. I 2004 vart songen rangert på 75. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største songane gjennom tidene., og i mars 2005 plasserte Q «Whole Lotta Love» på 3. plass på lista si over dei 100 beste gitarsongane. Han vart plasser på 11. plass på ei liknande liste hos Rolling Stone. I 2009 vart han kåra til den tredje beste hardrocksongen gjennom tidene av VH1.[2] «Whole Lotta Love» vart spelt inn i Olympic Studios i London og miksa i A&R Studios i New York. Han vart alt spelt på konsertane deira då han vart gjeven ut på albumet Led Zeppelin II den 22. oktober 1969 (Atlantic LP #8236). PåverknadI 1962 spelte Muddy Waters inn «You Need Love», skriven av Willie Dixon. I 1966 spelte der britiske modbandet Small Faces inn songen som «You Need Loving» på debutalbumet. Noko av teksten på Led Zeppelin-versjonen vart henta frå Willie Dixon-songen, som var ein av Plant sine favorittar. Fraseringa til Plant er særleg lik fraseringa til Steve Marriott på Small Faces-utgåva. Likskapar mellom «You Need Love» førte til eit søksmål mot Led Zeppelin, som Dixon vann i 1985.[3] Small Faces vart aldri saksøkt av Dixon, sjølv om «You Need Loving» berre er tilskriven Ronnie Lane og Steve Marriott. Robert Plant, som var ein stor tilhengjar av blues og soul, siterte ofte andre songar, særleg på konsertane.
- Robert Plant OppbyggingPage spelar eit laust bluesriff i introen, på ein Sunburst 1959 Les Paul Standard gjennom ein 100W Marshall «Plexi»-forsterkar med forvrenging frå EL34-ventilane, som så går inn i det første refrenget. Frå 1:24 (til 3:02) glir songen over i eit frijazz-liknande parti med ein theremin-solo og ein trommesolo og stønn frå Robert Plant. Plant gjorde vokalen på eitt forsøk. Lydteknikar Eddie Kramer forklarte: «Den kjende Whole Lotta Love-miksen, der alt går bananas, er meg og Jimmy som driv og skrur på alle knappane på miksebordet.» Kramer sa òg:
Led Zeppelin-bassisten John Paul Jones har sagt at det kjende riffet til Page truleg oppstod under improvisasjonar på konsertar då dei spelte «Dazed and Confused».[6] Jimmy Page har derimot sagt at songen ikkje utvikla seg på scenen:
UtgjevingDå albumet kom ut leitte radiostasjonar etter eit spor som kunne passe radioformatet og «Whole Lotta Love» vart raskt ein favoritt, om ein såg bort i frå det midtre partiet. Dei lagde derfor ofte sine eigne redigerte versjonar, der denne delen var fjerna. Atlantic Records svarte raskt og av ut ein singel i USA, kutta ned til 3:10, der friform-delen var fjerna. I 1997 gav Atlantic Records ut ein CD-singel med songen. Denne versjonen gjekk inn på lista i Storbritannia, der bandet til då aldri hadde gjeve ut singlar før. Singelen gjekk inn på Billboard Hot 100 den 22. november 1969, og låg på lista i 15 veker med ein 4. plass som høgaste plassering. Den einaste Topp 10-singelen til bandet i USA. Songen vart første gong spelt på konsert den 26. april 1969. Konsertversjonane av songen inneheldt ofte delar av andre Led Zeppelin-songar som «I Can't Quit You Baby», «You Shook Me», «How Many More Times», «Your Time Is Gonna Come», «Good Times Bad Times», «The Lemon Song», «The Crunge», «D'yer Mak'er», «Black Dog», «Out on the Tiles» og –Ramble On. Sidan midten av 1970 inneheldt han òg fote ein medley av blues- og R&B-songar, som songar av Eddie Cochran, Elvis Presley og John Lee Hooker Det finst konsertversjonar av «Whole Lotta Love» på utgjevingane:
«Whole Lotta Love» var den siste songen Led Zeppelin spelte live med den originale besetninga. Han vart framført på ny under Live Aid i 1985 og på Atlantic Records 40th Anniversary i 1988, samt på konserten for Ahmet Ertegün i O2 Arena i London den 10. desember 2007, med Jason Bonham på trommer for faren. Lovord
(*) uordna liste. Medverkande
Kulturell innverknadSongen er spelt inn av mange andre artistar. Han var kjend i Storbritannia som kjenningsmelodien for det langvarige fjernsynsprogrammet Top of the Pops i 1970- og 1980-åra. Han vart spelt under avsluttningsseremonien for sommar-OL i 2008 i Beijing den 24. august 2008, i ein omarbeidd versjon med Jimmy Page på gitar og Leona Lewis på vokal. Både Lewis og organisatorane bad om at tekten var endra, særleg linja «I'm gonna give you every inch of my love», som Lewis meinte ikkje gav meining når han vart sungen av ei kvinne.[16] Andre versjonar
Sample
Kjelder
Bakgrunnsstoff
|
Portal di Ensiklopedia Dunia