Tearing Us Apart
«Tearing Us Apart» er ein song spelt inn av Eric Clapton i 1986 på albumet August, produsert av Phil Collins. Songen handlar om «komiteen», venene til Pattie Boyd som Clapton meinte kom mellom han og Boyd. «Tearing Us Apart» vart spelt inn som ein duett med Tina Turner og gjeven ut som den andre singelen frå albumet i midten av 1987, etter «Behind the Mask». Songen gjekk ikkje inn på listene i USA, men vart ein mindre hitt i Storbritannia. Songen vart spelt på konsertar av Clapton seint i 1980-åra og i 1990-åra, framført i lag med andre kvinnlege vokalistar som Katie Kissoon, Tessa Niles, Shaun Murphy, Tracy Ackerman, Sheryl Crow, Sharon White og Michelle John. Clapton spelte igjen songen på konsertar i 2011. Turner og Clapton framførte songen i 1986 under Prince's Trust All-Star Rock Concert på Wembley Arena i 1986 for å feire 10-årsjubileet til Prince's Trust, då med eit band som bestod av Phil Collins, Elton John, Mark Knopfler, Bryan Adams, Rod Stewart og Paul McCartney. Konsertversjonen vart gjeven ut på Royal Concert-albumet i 1987, gjeven ut av The Prince's Trust. Eit anna opptak av songen frå Break Every Rule-turneen til Tina Turner med Clapton på gjestegitar og vokal, vart sidan gjeven ut på konsertalbumet Tina Live in Europe i 1988. Versjonar og miksar
Lister
Kjelder
BakgrunnsstoffInformation related to Tearing Us Apart |
Portal di Ensiklopedia Dunia