Tonen A

A

Tonen A, italiensk namn La, er den sjette tonen i C-durskalaen, som er den vanlege grunnskalaen i vestleg musikk. A er grunntonen i A-dur, med 3 # for f, c og g, og a-moll. A er òg grunntonen i den eoliske kyrkjetonearten. A var djupaste tonen i dei mellomalderske bokstavnoteskriftene.

Einstroken a har til vanleg 440 svingningar per sekund, i samsvar med vedtak på ein konferanse i London 1939, eller 435 svingningar per sekund, i samsvar med eit kongressvedtak frå Wien 1885.

Kjelder

  • Cappelens musikkleksikon 1978
Prefix: a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z 0 1 2 3 4 5 6 7 8 9

Portal di Ensiklopedia Dunia

Kembali kehalaman sebelumnya