Having a Rave Up
Having a Rave Up with the Yardbirds eller berre Having a Rave Up, er det andre amerikanske albumet til den engelske rockegruppa The Yardbirds. Det kom ut i november 1965, åtte månader etter Jeff Beck erstatta Eric Clapton på gitar. Det inneheld songar med begge gitaristane og syner bluesrockrøtene og dei tidlege eksperimenta med psykedelisk rock og hardrock. Tittelen syner til det drivande «rave up»-arrangementet bandet brukte på fleire songar. Albumet inneheld nokre av dei tidlegaste konsertopptaka med Clapton. Desse vart spelte inn i mars 1964 og kom ut på det britiske debutalbumet deira, Five Live Yardbirds, som ikkje kom ut i USA. Songane med Beck vart spelte inn i studio i månadane etter han kom med i bandet i mars 1965. Desse omfattar fleire hitsinglar og introduserte «The Train Kept A-Rollin'», eit av dei mest kopierte Yardbirds-arrangementa. Sjølv om dei fleste songane ikkje var skrivne av gruppa, vart dei mykje spelte av gruppa på konsertane deira fram til etter Jimmy Page erstatta Beck. I tillegg til Greatest Hits-plata deira frå 1967, er Having a Rave Up det albumet deira som nådde høgast på den amerikanke albumlista. I nyare tid har albumet ofte blitt gjeve ut med bonusspor, som den neste singelen «Shapes of Things», demoinnspelinga for det neste albumet deira, og «Stroll On», med sologitar av både Beck og Page. Fleire musikkskribentar har lagt vekk på kor innverknadsrikt albumet var, særleg hardrockgitaren. Magasinet Rolling Stone kalla det «brua mellom beatgrupper og psykedelia».[2] Innhald
Medverkande
med:
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Information related to Having a Rave Up |
Portal di Ensiklopedia Dunia