Thick as a Brick
Thick as a Brick er det femte studioalbumet av det engelske progrockbandet Jethro Tull, utgjeve i 1972. Heile albumet består berre av ein enkelt song: det 44 minuttar lange tittelsporet. Thick as a Brick vart laga som ein parodi på eit konseptalbum. Den originale innpakninga var forma som ei avis der det vart hevda at albumet var ei musikalsk utgåve av eit episk dikt lag av ein (fiktiv) åtte år gammal gut, sjølv om det var frontmannen Ian Anderson som i røynda hadde skrive teksten. Om albumetThick as a Brick var det første verkeleg progressive rockestykket til Jethro Tull og kom ut fire år etter debutalbumet. Det episke albumet er kjend for dei mange musikalske temaa, taktendringane og temposkifta, alt dette vanleg i den progressive rocken som var på veg fram på denne tida. I tillegg vart det nytta instrument som cembalo, xylofon, pauke, fiolin, lutt, trompet, saksofon og ein strykeseksjon, alle uvanleg i blues-basert rock. Frontmannen Ian Anderson var overraska over at så mange meinte at det førre albumet deira, Aqualung, var eit konseptalbum, noko han hardnakka hevda det ikkje var. I eit intervju på In the Studio with Redbeard svart Anderson: «Om kritikarane ønskte eit konseptalbum, så skulle me gje dei mora til alle konseptalbum og lage det så bombastisk og så 'over the top'.»[8] Ian Anderson har sagt at Thick as a Brick vart skriven «fordi alle sa me var eit progressivt rockeband, så me valde å leve opp til ryktet og skrive eit progressivt album, men gjort som ein parodi på sjangeren.» Med Thick as a Brick skapte bandet eit album så med fullt overlegg integrert kring eit konsept: eit dikt av ein intelligent engelsk gut (Gerald) om det å vekse opp. Utanom dette var albumet ein parodi på alle pretensiøse «konseptalbum». «Thick as a brick» er på engelsk det som på norsk tilsvarar «tjukk i hovudet», altså dum.[9])
Anderson sa òg i intervju at «albumet var ein parodi på album av Yes og Emerson, Lake & Palmer, på liknande måte som filmen Hjelp vi flyr! var ein parodi på Airport.» Formelen vart ein suksess og albumet gjekk heilt til topps i USA. 3. april 2012 gav Ian Anderson ut oppfølgjaren "Thick As a Brick 2", eit framhald av historia om Gerald Bostock. KonsertframføringarFrå mars 1972 spelte bandet det meste av albumet (utanom delar av side to) på turné i nesten heilt år. Stykket varte stundom kring 90 minuttar, sidan dei instrumentale mellomspela vart forlenga og instrumentalane «God Rest Ye Merry Gentlemen»/«Bouree» vart spelt som ein del av stykket. Mot slutten av det som var side ein på LPen sette dei inn ein fem minuttar seksjon med «nyhende og vêr», noko som gav bandet (og publikum) ein pause frå den kontinuerlege musikken. På konsertar i Tyskland og Italia vart dette presentert på høvesvis tysk og italiensk. Framføringa av side to av LPen vart utvida med ein lang trommesolo. Resten av setlista bestod hovudsakleg av «Cross-Eyed Mary», «A New Day Yesterday», «Aqualung», «Wind-Up», «Martin's Guitar Solo», «Locomotive Breath» og «Wind-Up (Reprise)». Seinare konsertframføringar av «Thick as a Brick» var ein forkorta versjon av den første sida, som ein kan høyre det på konsertalbumet Bursting Out (1978). I 2012 framførte Ian Anderson heile albumet på turneen sin det året.[10] PlateomslagetDet originale LP-omslaget vart forma som ei engelsk lokalavis kalla The St. Cleve Chronicle and Linwell Advertiser, med artiklar, konkurransar, annonser med parodiar på lokale og amatørmessige journalistar. Avisa inneheld mange interne ordspel og skjulte spøkar, ei overraskande ærleg melding av sjølve albumet og ein prikk-til-prikk-teikning.[11] Avisa var datert 7. januar 1972 og inneheld òg heile teksten til «Thick as a Brick» (trykt på side 7) som er presentert som eit dikt skriven av den åtte år gamle vedunderguten Gerald Bostock, som visstnok skal ha vorte diskvalifisert frå ein diktkonkurranse. Denne saka er hovudoppslaget på framsida av avisa. Artikkelen hevdar at Bostock opphavleg vann konkurransen med «Thick as a Brick», men at avgjersla til domarane vart kalla attende då det kom mange protestar og trugslar vedrørande det støytande innhaldet i diktet, i tillegg til påstandar om at guten var psykisk ustabil. Gjennom avisa finn ein mange artiklar med subtile referansar til teksten, til Gerald Bostock, til Jethro Tull, og til andre merkelege delar av sjølve avisa. Den satiriske avisa vart kraftig forkorta for CD-heftet, medan 25-årsjubileumsutgåva har eit hefte som er mykje nærare originalen, medan boks-versjonen er nesten identisk den originale avisa. InnhaldAll tekst skriven av «Gerald Bostock» (Ian Anderson); all musikk komponert av Ian Anderson
Medverkande
Salslister
Salstrofé
I popkulturenI 1983 gav Chrisye ut ein kassett kalla Resesi med eit cover inspirert av albumet. Mot slutten av The Simpsons-episoden «Girls Just Want to Have Sums» syng Martin Prince «Thick as a Brick» fram til Lisa Simpson slår han med ei samanleggbar stol. Den faktiske songen vert spelt under rulleteksten. Hyundai nytta songen i ein reklame tidleg i 2000-åra 2012-oppfølgjaren: Thick As a Brick 2: Whatever Happened to Gerald Bostock?I 2012 kom oppfølgjaren TAAB2: Whatever Happened To Gerald Bostock?, gjeven ut som eit soloalbum av Ian Anderson. Albumet omhandlar kva som skjedde med Gerald Bostock seinare i livet. Albumet skildra fem forskjellige scenario, der han vert ein grådig bankmann, ein heimlaus homoseksuell mann, ein soldat i krigen i Afghanistan, ein skinnheilag evangelist og ein vanleg mann som driv ein hjørnebutikk og er gift og barnlaus. Medan originalalbumet berre består av ein enkelt song, består Thick As a Brick 2 av 17 separate songar slått saman til 13 spor. Lister
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Information related to Thick as a Brick |
Portal di Ensiklopedia Dunia