Like a Hurricane
«Like a Hurricane» er ein song skriven av Neil Young i 1975 og først gjeven ut på albumet American Stars 'N Bars i 1977. HistorieSongen vart skriven i juli 1975 med venen og naboen i La Honda, Taylor Phelps i baksetet på bilen hans, då Neil Young ikkje kunne synge på grunn av ein operasjon på stemmebanda. Songen er driven fram av den aggressive gitaren som er varemerket til Young, og har vorte spelt på nesten alle turneane til Young etter han kom ut. Songen finst òg på samlealbuma Decade og Greatest Hits og på konsertalbuma Live Rust, Weld og Unplugged. Den sistnemnde utgåva vert spelt på eit pumpeorgel. Ei forkorta utgåve av «Like a Hurricane» vart gjeven ut som singel den 8. august 1977, med «Hold Back the Tears» som B-side.[1] Andre versjonar
Musikarar
Kjelder
Information related to Like a Hurricane |
Portal di Ensiklopedia Dunia