Provinsen Napoli
Provinsen Napoli (italiensk Provincia di Napoli) er ein provins i regionen Campania i Italia. Hovudstaden er byen Napoli og det er 92 kommunar i provinsen. DemografiProvinsen Napoli er den provinsen med høgast folketettleik i Italia. I følgje det statlege statistikkbyrået i Italia låg dei seks kommunane med høgast folketettleik (Portici, Casavatore, San Giorgio a Cremano, Melito di Napoli, Napoli og Arzano) i provinsen, og det same gjorde 11 av dei 15 øvste. Han har eit areal på 1 171 km² og totalt 3 092 859 innbyggjarar (2005).
Turisme![]() Området er ein stort turistdestinasjon i Italia med mange særs kjende turistattraksjonar. Pompeii, den utgravde romerske byen som vart gravlagd av Vesuv i år 79 er av dei mest populære i Italia.[1] Dei tre øyane Ischia, Procida og Capri i Napolibukta er òg kjende destinasjonar. På Capri finn ein den kjende blå grotta. Sorrentinahalvøya (og byen Sorrento) har lenge ver ein stor turistdestinasjon og er mellom anna kjend for drikken Limoncello og dei lukseriøse klippene ved havet med villaer, slott, vakttårn , kyrkjer og i Vico Equense gamle gardshus.[2] Kjelder
BakgrunnsstoffInformation related to Provinsen Napoli |
Portal di Ensiklopedia Dunia