Hunan
Hunan er ein provins i Folkerepublikken Kina. Han ligg sør for elva Chang Jiang og Dongtingsjøen. Hunan grensar til Hubei i nord, Jiangxi i aust, Guangdong i sør, Guangxi i vest, Guizhou i vest og Chongqing i nordvest. Provinsen har ei flatevidd på 211 800 km². Changsha er hovudstad i provinsen. Namnet Hunan (forenkla kinesisk 湖南, pinyin Húnán) tyder 'sør for innsjøen' og viser til Dongtingsjøen.[2] Hunan vert også ofte nemnd med kortforma 湘 (pinyin: Xiāng), etter elva Xiang Jiang som renn gjennom provinsen. GeografiMed unnatak for det nordaustlege Hunan, er provinsen prega av fjellryggar som deler provinsen inn i fleire åtskilde område langs kvar sine sideelvar til Chang Jiang. Fjellet Hengshan, det sørlegaste av dei tidlegare, fem heilage fjell i Kina, ligg omtrent midt i provinsen. Nanlingfjella dannar i sør grense mot provinsen Guangdong. Alle dei større elvane renn ned mot Kinas største elv, Chang Jiang, og hamnar til sist i ho. Av desse har Xiang Jiang sine kjelder i provinsen Guangxi og renn inn i Hunan omtrent ved Quanzhou. Andre store elvar er Yuan Jiang og Lishui. Alle desse tre elvane munnar ut i bekkenet kring Dongtingsjøen, nordaust i provinsen. Innsjøen vert over 5 500 km² stor ved dei tider Chang Jiang og dei andre elvane fløymer over om sommaren. HistorieUrskogane i Hunan vart folkesett av forfedrane til dei moderne miao, tujia, dong og yao-folka. Dei er kjend frå rundt 350 f.Kr. På denne tida og i hundrevis av år etterpå, var området ein magnet for migrasjon av hankinesarar frå nord. Desse rydda det meste av skogen og begynte å dyrke ris i dalane og på slettene. Migrasjonen frå nord var særleg stor under Aust-Jin-dynastiet og dei sørlege og nordlege dynastia, då nomadiske inntrengarar i nord pressa hanfolk sørover. Under epoken til dei fem dynastia og ti kongedømma låg Hunan under det sjølvstendige regimet Ma Chu. Både Hunan og Hubei høyrde under Qing-dynastiet til provinsen Huguang. Hunan vart eigen provins i 1664 og fekk sitt noverande namn i 1723. Hunan var eit viktig kommunikasjonssenter grunna si plassering langs Chang Jiang. Provinsen var i hundrevis av år kornkammer for mykje av Kina. Befolkninga voks heilt til 1800-talet. Hunan vart overfolka og saman med stor sosial ulikskap førte det til at bøndene gjorde opprør. Bak nokre oppstandar låg det òg etniske spenningar, så som det ti-år lange opprøret til miaofolket, 1795-1806. Taipingopprøret begynte sør i Guangxiprovinsen i 1850. Opprøret spreidde seg til Hunan og vidare austover langs elvedalen kring Chang Jiang. Ein hunanesisk hær under Zeng Guofan marsjerte inn i Nanjing og slo ned opprøret i 1864. Hunan var heller roleg fram til 1910, då det vart gjort opprør mot Qingdynastiet. Eit nytt opprør, den kommunistiske haustoppstanden i 1927 vart leia av hunanesaren Mao Zedong. Desse oppretta det kortliva Hunansovjetet. Kommunistane heldt så ein geriljahær i fjellområda langs grensa mellom Hunan og Jiangxi i åra fram til 1934. Under press frå dei nasjonalistiske Kuomintangkreftene, begynte kommunisthæren på den berømte lange marsjen til basar i Shaanxiprovinsen. Etter kommuniststyrkane var fjerna, kjempa Kuomintang mot japanarane i den andre kinesisk-japanske krigen. Det forsvarte hovudstaden Changsha til han fall i 1944. Hunan kom relativt uskadd frå den delen av den kinesiske borgarkrigen som følgde etter Japan leid nederlag i 1945. I 1949 kom kommunistane til makta att og nasjonalistane trekte seg sørover. Som Mao Zedong sin heimprovins støtta Hunan kulturrevolusjonen 1966-76. Provinsstyremaktene var i åra som følgde Maos død i 1976 tregare enn i dei fleste andre kinesiske provinsane med å vedta reformer etter Deng Xiaoping sitt program. DemografiI fylgje folketeljinga 2000 fordelte befolkninga i Hunan seg i 41 etniske grupper. 89,79 % registrerte seg som hankinesarar, medan 10,21 % var fordelt på ulike minoritetar. Størst mellom desse er tujia (4 %), miao (3 %), dong (1 %) og yao (1 %), vidare hui, bai, zhuang, uighur. Xiang-kinesisk er det mest utbreidde, innfødde talemålet i Hunan. ØkonomiRis er hovudavling for Hunan. Området kring Dongtingsjøen er eit viktig senter for produksjonen av rami (kinagras), Hunan er elles eit senter for dyrkinga av te. Lengshuijiang-området er kjent for sine spissglans-gruver, og er dessutan eit av dei større sentera i utvinninga av antimon i Kina. AdministrasjonseiningarHunan er delt opp i 14 einingar på prefekturnivå, 13 av desse er byprefektur og den siste er eit autonomt prefektur.
Dei fjorten einingane er delt i 122 på fylkesnivå (34 distrikt, seksten byfylke, 65 fylke og sju autonome fylke). Desse er i sin tur delt i 2 587 einingar på kommunenivå (1 098 bykommunar, 1158 landkommunar, 98 etniske landkommunar, 225 subdistrikt og 8 fylkestyrte distrikt. Kjelder
BakgrunnsstoffInformation related to Hunan |
Portal di Ensiklopedia Dunia