Mangystau oblast
Mangystau (kasakhisk Маңғыстау облысы) er eit oblast i Kasakhstan. Hovudstaden er Aktau. GeografiOblastet ligg sørvest i landet og inkluderer mellom anna Mangysjlakhalvøya. Det meste av den kasakhstanske kysten av Kaspihavet ligg her. I tillegg grensar oblastet til landa Turkmenistan og Usbekistan. Av grenseoblast finn ein Aktobe oblast og Atyrau oblast. Det har eit areal på 165 600 km². I tida under Sovjetunionen vart det oppdaga petroleumsførekomstar i området og mykje av området vart industrialisert. Mangystau har mange forskjellige landskap og ørkenland som Den kaspiske senkinga, Ustiurtplatået, Mangysjlak, Kendirili-Kajasan og ørkenar. Det høgaste punktet er fjellet Otpan på 556 meter over havet, medan det lågaste er Karagije, som ligg heile 132 meter under havnivå. KlimaKlimaet nord i Mangystau er kaldt om vinteren, særleg på Ustiurtplatået, som hovudsakleg ligg over havnivå. Klimaet er generelt kontinentalt med kalde vintrar og milde somrar. Middeltemperaturen i januar er -3 °C og i juli 26 °C. Det kjem særs lite nedbør i løpet av året, normalt rundt 150 mm. Kjelder
BakgrunnsstoffInformation related to Mangystau oblast |
Portal di Ensiklopedia Dunia