Songs for Judy
Songs for Judy er eit konsertalbum av den kanadiske musikaren Neil Young, utgjeve 30. november 2018 på Shakey Pictures Records. Det er del 07 i konsertserien av Neil Young Archives. Albumet består av konsertopptak frå den akustiske delen til Young under ein amerikansk turné i november 1976 med Crazy Horse.[4] BakgrunnJoel Bernstein, som Young hadde med seg som gitarteknikar på turneen, tok opp konsertane direkte frå PA-anlegget til sin eigen personlege kassettopptakar. I lag med venen Cameron Crowe sette dei saman det beste frå framføringane. Ein kopi av dette lydbandet vart seinare stolen og sirkulerte blant fansen som piratkopiplata The Joel Bernstein Tapes.[5] Albumet inneheld dei same framføringane som den originale samlinga, men med fleirsporsmiksar som erstatta kassettopptaka til Bernstein der dette var mogeleg. I motsetnad til den originale samlinga, er songane sett i kronologisk rekkjefølgje etter når dei vart framført. Ei rekkje songar framførte på turneen var ikkje gjevne ut på den tida, som «Too Far Gone» og «White Line» som kom ut i studioform mange år seinare på høvesvis Freedom (1989) og Ragged Glory (1990), og «Give Me Strength» (opphavleg for det skrinlagde Homegrown), kom ut i 2017 på arkivalbumet Hitchhiker. Songen «No One Seems to Know» vart gjeve ut første gongen offisielt på dette albumet. Namnet Songs for Judy kom frå soga til Young (i introduksjonen til albumet) om å hallusinere under ein av konsertane og at han meinte å sjå Judy Garland i orkestergrava.[6] InnhaldAlle songane er skrivne av Neil Young.
Medverkande
Teknisk
Kjelder
Information related to Songs for Judy |
Portal di Ensiklopedia Dunia