Europaveg 18
Europaveg 18 (E18) er ein europaveg på nær 190 mil som startar i Craigavon i Nord-Irland og endar opp i St. Petersburg i Russland. Undervegs er han innom Skottland, England, Noreg, Sverige og Finland. Vegen er ei viktig transport- og sambandsåre mellom dei nordiske landa, Russland og Storbritannia. RuteI Noreg går E18 som hovudveg frå Kristiansand austover gjennom Agder, Telemark, Vestfold, Buskerud og Akershus via Oslo til Ørje i Østfold før han kjem inn på svensk side ved Töcksfors. Heile traseen er slik (ferjesamband markert med symbol): Craigavon, Belfast, Larne E18 deler trasé med E16 eit lite stykke nord for Belfast og mellom Oslo og Sandvika. HistorieEtter omstruktureringa av europavegane i 1992 fekk norske delar av vegen namnet Europaveg 39. Andre delar av vegen, det vil seie strekninga frå Kristiansand til Stockholm, blei heitande E18 fordi det tilfeldigvis passa slik i det nye systemet. Strekninga mellom Stockholm og Sankt Petersburg heitte før omstruktureringa Europaveg 3. AnnaOppgradering av E18 i VestfoldPå grunn av mykje trafikk og ønske om betra sikkerheit er Statens vegvesen i ferd med å byggja om delar av E18 i Vestfold til firefelts motorveg, mot to felt tidlegare. Målet til vegvesenet er at heile strekninga skal ha fire felt innan 2015. På grunn av arbeidet føretok ein arkeologiske utgravingar i arbeidsområda i 2003 og 2004, der ein undersøkte kjende kulturminner frå steinalder, bronsealder, jernalder og mellomalder. Oppgradering av E18 i ØstfoldStortinget vedtok utbygging av E18 gjennom Østfold i 1999. Arbeidet skal skje frå 2001 til 2014. Knutepunkt![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]()
Alternative vegarDet finst alternative vegar for å reise frå ein stad langs vegen til ein annan.
Sjå ògBakgrunnsstoff
Information related to Europaveg 18 |
Portal di Ensiklopedia Dunia