Ås kommune
Ås er ein kommune i Akershus fylke. Kommunen grensar til Vestby, Frogn, Nordre Follo og Indre Østfold. Administrasjonssentrum for kommunen er Ås. Andre tettstadar er Kroer og Vinterbro. Ås kommune er heimkommunen til eine delen av Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU, tidlegare UMB og tidlegare Noregs Landbrukshøgskule), medan hin delen ligg på Adamstua i Oslo. I kommunen ligg òg den mest kjende moroparken i Noreg - Tusenfryd. ![]() Kommunen har namn etter den låge åsen kyrkja der står på. Kommunevåpenet viser tre spissruter i sølv, 2–1, på raud bakgrunn. Det viser til arkeologiske funn i kommunen. Ås har hatt uendra grenser sidan 1838 bortsett frå ei mindre grensejustering mot Frogn i 1969. Kommunen strekkjer seg frå austsida av indre delen av Bunnefjorden og søraustover til Østfold fylke og Hobøl. Kommunen har tre sokn: Kroer, Ås og Nordby. Det finst sju barneskular og to ungdomsskular i Ås. I tillegg huser kommunen den største vidåregåande skulen i Akershus fylke, Ås vidaregåande. Bakgrunnsstoff
Kjelder
Information related to Ås kommune |
Portal di Ensiklopedia Dunia