Zielona Góra
Zielona Góra (tysk Grünberg in Schlesien) er ein by i Nederschlesien vest i Polen med om lag 120 000 innbyggjarar. Byen ligg i Lubusz-voivodskapet (sidan 1999) og var tidlegare hovudstad i Hertugdømet Zielona Góra og Zielona Góra voivodskap (1975-1998). Namnet, både på polsk og tysk, tyder «grønt fjell». HistorieOpphavleg var han ein slavisk landsby, som vart ein del av hertugdømet Głogów i 1250. Han fekk bystatus med Magdeburgrettar i 1323. I 1477 slo byen ein 5000 mann stor hær frå naboområdet Brandenburg, som prøvde å erobre byen. I 1294 bygde fyrst Konrad I Głogowski ei kyrkje for St. Jadwig, vernehelgenen til Schlesien. Denne bygningen, konkatedra św. Jadwigi w Zielonej Górze, er i dag den eldste bygningen i byen. Etter at hertugdømet Sagan (Żagań) fall, kom byen inn under Kongedømet Böhmen. Han gjekk i arv til Habsburgmonarkiet i Austerrike i 1526, og vart annektert av Kongedømet Preussen under dei schlesiske krigane i 1740-1763. I løpet av denne perioden vart den polske folkesetnaden pressa ut på landsbygda. [1], men enkelte vart verande i byen og fram til 1809 var det framleis ei polsk kyrkje i drift. [2]. Byen vart verande ein del av Tyskland fram til 1945 då Nederschlesien vart overført til Polen som følgje av Potsdamerkonferansen. Den gjenverande tyske folkesetnaden som ikkje flykta frå fronten vart kasta ut av byen, og byen vart busett på ny av polakkar frå Kresy, ein tidlegare polsk provins i aust som vart annektert av Sovjetunionen. Bakgrunnsstoff Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Zielona Góra
Kjelder
Information related to Zielona Góra |
Portal di Ensiklopedia Dunia