You Belong in Rock n' Roll
«You Belong in Rock n' Roll» er ein song av Tin Machine, gjeven ut på Tin Machine II i august 1991. Songen vart skriven av David Bowie og Reeves Gabrels og var den første singelen dei gav ut på Victory Records, som vart distribuert av London Records i Storbritannia. Bakgrunn og innspelingSongen vart spelt inn i 1989 etter den første turneen til Tin Machin, og Gabrels brukte eitt år på å mikse og legge til fleire lydspor på songen, inspirert av Nine Inch Nails-albumet Pretty Hate Machine (1989). Gabrels sa at «You Belong in Rock n' Roll» i hovudsak starta «som ein bass-song. Eg ønskte å leggje nokre industrielle greier inn der.»[1] Gabrels prøvde å bruke ein elektrisk barbermaskin for å påverke lyden på gitaren sin or songen, men enda opp med å bruke ein vibrerande dildo han kjøpte på ein lokal sex-butikk.[1] Singelen vart lansert med mykje marknadsføring, mellom anna ei framsyning på Top of the Pops, der Gabrels valde å spele gitar med eit rundstykke, og Wogan, der bandet igjen mima, og denne gongen spelte Gabrels på gitaren med dildoen. David Bowie såg ut til å vere synleg lei småpratinga til programleiaren.[2] Singelen nådde 33. plassen på den britiske singellista, som var skuffande. Det vart likevel den største hitsingelen til Tin Machine.[2] Innhald7"-versjon
12"/CD-versjon 1
CD-versjon 2
MedverkandeProdusentar Musikarar
Konsertopptak
Salslister
Kjelder
Information related to You Belong in Rock n' Roll |
Portal di Ensiklopedia Dunia