You've Got a Habit of Leaving
«You've Got a Habit of Leaving» er ein song skriven av David Bowie i 1965 og gjeven ut som singel under namnet Davy Jones (& The Lower Third). Det var den siste songen Bowie, fødd David Jones, gav ut før han endra namn for å ikkje forvekslast med Davy Jones frå The Monkees, og den første av to singlar som han spelte inn med The Lower Third etter å ha gått frå det førre bandet sitt, The Manish Boys. B-sida til singelen var «Baby Loves That Way». Begge singlane var produserte av Shel Talmy. Med The Lower Third gjekk Bowie bort frå amerikanisert R&B, som hadde dominert dei to tidlegare singlane hans, og flytta seg mot Who-aktig mod-musikk. Ein typisk konsert på denne tida inneheld derimot «Mars» frå Gustav Holst sin Planetar og «Chim Chim Cheree» frå Mary Poppins. Den framtidige manageren til Bowie, Ken Pitt, såg ein av desse konsertane på midten av 1960-åra, der bandet avslutta med Rodgers and Hammerstein-songen «You'll Never Walk Alone». MedverkandeAndre utgjevingar
Kjelder
Information related to You've Got a Habit of Leaving |
Portal di Ensiklopedia Dunia