The Prodigal Stranger
The Prodigal Stranger er det tiande studioalbumet til Procol Harum og kom ut i 1991. Albumet er tileigna minnet til Barrie James (B. J.) Wilson som hadde vore trommeslagar på alle dei førre albuma til bandet. Albumet kom ut 14 år etter det førre albumet og sjølv frontmann Gary Brooker var usikker på om bandet kunne klare å spele inn eit heilt album.[2] Fisher hadde ikkje spelt med bandet sidan A Salty Dog frå 1969 og var med på turneen etter albumet og fram til turneen etter The Well's on Fire i 2004.[3] Robin Trower spelte på albumet og skreiv musikk for «All Our Dreams are Sold», men avslo å bli med gruppa på den påfølgjande turneen og vart erstatta av Geoff Whitehorn. Turneen etter albumet vart godt motteken i både Europa og USA, men albumet selde dårleg. Singelen «All Our Dreams Are Sold» vart derimot spelt ein del på radio og nådde 29. plass på Billboard Mainstream Rock-lista i USA.[4] Albumet fekk blanda kritikk. Innhald
Medverkande
Kjelder
Information related to The Prodigal Stranger |
Portal di Ensiklopedia Dunia