Symfoni nr. 7 av Mozart
Symfoni nr. 7 i D-dur, K. 45, av Wolfgang Amadeus Mozart, vart skriven ferdig i Wien i januar 1768 etter at familien hadde kome attende frå Olomouc og Brno i Mähren. Symfonien er i fire satsar. Den første framsyninga var truleg ein privat konsert.[1] Symfoni vart omarbeidd og vart overtureen til operaen La finta semplice, K. 51,[2] komponert og framført seinare same året, og overturen vart igjen seinare omfofrma til ein ny symfoni, i Köchel 1964 (K6) som K. 46a. Autografen på partituret vert i dag bevart i Staatsbibliothek Preusischer Kulturbesitz i Berlin.[2] Satsar og instrumenteringFor den originale (K. 45) versjonen var instrumenteringa strykarar, 2 oboar, 2 horn, 2 trompetar, pauke, fagott, continuo. For den symfoniske overturen (K. 46a) vart trompetane erstatta med fløyter, ein ekstra fagott vart lagt til og ein tok bort paukene.[1][3]
FramføringI følgje musikkanalytikaren Neal Zaslaw vart K. 45 første gong framført på ein konsert halden av prinsen av Galitzin, den russiske ambassadøren, i Wien seint i mars 1768.[1] K. 46b-versjonen vart høyrt på premieren til La finta semplice, i Salzburg den 1. mai May 1769.[3] Kjelder
Bakgrunnsstoff
Information related to Symfoni nr. 7 av Mozart |
Portal di Ensiklopedia Dunia