Pieces of Eight
Pieces of Eight er det åttande studioalbumet til Styx, gjeve ut 1. september 1978. Som det førre albumet deira, The Grand Illusion (1977), selte dette albumet til 3x platinaplate i USA på grunn av hitsinglane «Blue Collar Man (Long Nights)» og «Renegade». Bandmedlemmane var sjølv produsentar og spelte inn albumet i Paragon Studios i Chicago med lydteknikaren Barry Mraz. Albumet vart miksa av Rob Kingsland. «I'm O.K.» vart spelt inn i Paragon og St. James Cathedral. Dette var det siste albumet av fleire dei spelte inn i Paragon Studios. Plateomslaget vart laga av Hipgnosis. DeYoung sa i eit intervju i 1991 med Redbeard at han i starten hata omslaget, men kom til å like det etter kvart som han vart eldre. BakgrunnSomme[1][2] reknar albumet som eit konseptalbum og ei av dei viktigaste av dei meir progressiv rock-prega albuma til Styx. Temaet på albumet var i følgje Dennis DeYoung «å ikkje gje opp draumane sine berre for å følgje pengar og materielle godar». Mottaking
Mike DeGagne i AllMusic gav albumet god omtale og sa at songane på albumet «gjekk attende til den tidlegare progressive rockestilen til Styx, men var noko reinare.»[3] Rolling Stone-skribenten Lester Bangs var meir kritisk til albumet og sa at «Det som er verkeleg interessant er ikkje at slikt narsissistisk kliss vert spelt inn, men kva som skjer i hovudet på alle dei som likar dette. Galle, nerve og ego har aldri vert langt unna god rock & roll. Likevel er det ei tynn, men viktig linje mellom dei kvalitetane og kva som skal til for å fylle ein arena i dag: rein sjølvnyting på sitt mest barnslege nivå. Om dette er meistrane, gje meg heller krøplingane.»[5] Albumet nådde sjetteplassen på Billboard-lista, og som føregangaren selde det over tre millionar eksemplar i USA.[7] Innhald
MedverkandeStyx
Produksjon
SalslisterAlbum – Billboard (USA)
Singlar – Billboard (USA)
Kjelder
Information related to Pieces of Eight |
Portal di Ensiklopedia Dunia