Maruv
Anna Korsun (fødd 15. februar 1991) er ein ukrainsk songar, låtskrivar og musikkprodusent. Korsun er betre kjend under artistnamnet Maruv – stilisert som MARUV. Ho bur og jobbar i hovudstaden Kiev.[1] I februar 2019 vann Maruv den ukrainske songtevlinga Vidbir med songen «Siren Song», og vann dimed retten til å representere Ukraina i Eurovision Song Contest 2019.[2][3] Men etter sigeren kunngjorde den ukrainske kringkastaren UA:PBC at dei ikkje ville la Maruv representere landet i Eurovision Song Contest, og fire dagar etter trekte Ukraina seg frå tevlinga.[4][5][6] BakgrunnKorsun vart fødd i Pavlohrad i Dnipropetrovsk oblast i Ukraina. Allereie frå skulealder studerte ho musikk og dans, men seinare studerte ho teknologi ved det polytekniske instituttet i Kharkiv. Ho vart uteksaminert frå skulen i 2014 og deltok seinare i den ukrainske songtevlinga Holos Krajiny, den ukrainske utgåva av The Voice. Ho vart òg med i bandet Pringlez.[7] I 2017 skifta bandet namn til MARUV. Som ein del av endringa, vedtok bandmedlemmane å endre heile musikkonseptet sitt. Dei la bort pop-rocken og satsa i staden på elektronika og moderne musikksjangrar. I mai 2017 gav bandet ut debutplata Stories med sju songar på ukrainsk, russisk og engelsk.[7] Same år møtte Korsun gitaristen og DJ-en Mikhail Busin, kjend under artistnamnet BOOSIN. Dei to etablerte platemerket Zori Sound og starta å jobba saman musikalsk under namnet MARUV & BOOSIN. Blant anna skreiv dei songar for fleire ukrainske artistar og gav ut songane «Spyny» og «Drunk Groove» seint i 2017. Blant anna opptredde duoen under opningsseremonien til Fotball-VM i Moskva i juni 2018.[7] Same sommar slapp dei singelen «Focus on Me», den andre singelen frå albumet Black Water, gjeven ut 28. september 2018.[8][9] I februar 2019 deltok Maruv i Vidbir, den ukrainske uttakinga til Eurovision Song Contest på den offentlege tv-kanalen UA:Persjyj og den kommersielle tv-kanalen STB. Maruv vann med songen «Siren Song» og vann dimed retten til å representere Ukraina i Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv i Israel. Men etter sigeren sådde kringskastaren UA:PBC tvil om Maruv skulle få representere landa i Israel. Dette skulda at Maruv har hatt ei rekkje konsertar og framsyningar i Russland, eit land Ukraina er konflikt med.[10][11] Kringkastaren kravde at artisten skreiv under ein kontrakt som blant anna forbaud ho å opptre i Russland, overdra songrettane til eit anna plateselskap og dekkje alle deltakarkostnadene sjølv. Maruv nekta å underskrive avtala, og to dagar etter finalen kunngjorde UA:PBC at Maruv ikkje skulle få representere Ukraina i Eurovision Song Contest.[4][5][12][13] Då dei andre finalistane heller ikkje ynskte å skrive under, valde kringkastaren til slutt å trekkje seg frå Eurovision Song Contest 2019.[6] PrivatlivKorsun er gift med den ukrainske plateprodusenten og manageren Oleksandr Korsun. DiskografiStudioalbum
EP-er
Singlar
I samarbeid
Referansar
BakgrunnsstoffInformation related to Maruv |
Portal di Ensiklopedia Dunia