IPhone 7
iPhone 7 og iPhone 7 Plus er smarttelefonar designa, utvikla og marknadsført av Apple Inc. Dei utgjer den tiande generasjonen iPhone-telefonar og vart annonserte 7. september 2016, i Bill Graham Civic Auditorium in San Francisco av administrerande direktør Tim Cook, og utgjevne i utvalde land den 16. september 2016, som etterfølgjarar til iPhone 6S og iPhone 6S Plus. Apple heldt fram med å lansere telefonen i andre land verda over ut september og oktober 2016. Telefonane vart etterfølgde av iPhone 8 og iPhone 8 Plus den 22. september 2017. iPhone 7 har ein liknande design som iPhone 6S og iPhone 6. Ytre endringar som vart introduserte var nye fargevariantar, motstand mot vatn og støv, ein ny kapasitiv og statisk «heim»-knapp, reviderte antenneband og fjerning av 3,5 mm-jackpluggen. Den interne maskinvaren fekk oppgraderingar som ny prosessor, oppgradert kamera og ei ekstra linse eksklusivt for iPhone 7 Plus for betre optiske zoomefunksjonar. Telefonane fekk blanda mottaking. Fjerninga av utgangen for øyrepluggar og hovudtelefonar var kontroversiell, og nokre kritikarar meinte at endringa var gjort for å fremje lisensiering av den proprietære Lightning-utgangen og sal av Apple sine eigne trådlause høyretelefonar.[1][2] Apple var òg håna av kritikarar for utsegna til Phil Schiller om at ei slik drastisk endring «kravde mot».[3] Kjelder
Bakgrunnsstoff |
Portal di Ensiklopedia Dunia