Florida A&M University
Florida Agricultural and Mechanical University er eit delstatseigd universitet i Tallahassee i delstaten Florida i USA. Det vart grunnlagt i 1887 som høgare lærestad for svarte, og er eit av dei såkalla historiske svarte lærestadane i USA. Det er i dag ein av dei mest populære utdanningsstadane for utdanningssøkande afro-amerikanarar. I 2010 var det i alt 13 089 studentar og 621 vitskapleg tilsette ved FAMU, og skulepengane dette året var på US$ 3 274 for studentar heimehøyrande i Florida. Det er tretten skular ved FAMU, nokre av dei mest kjende og akademisk attraktive er:
Fagkrinsen har fokus på liberal arts-faga innan humaniora, språk, samfunnsfag og naturvitskap, i tillegg til forretningsverksemd, jus, moderne teknologi- og miljøfag og ulik ingeniørutdanning. Studiane er opp til doktorgradsnivå. Kjelder
BakgrunnsstoffInformation related to Florida A&M University |
Portal di Ensiklopedia Dunia