Fireball
Fireball er det femte studioalbumet til det engelske rockebandet Deep Purple, gjeve ut i 1971 og det andre med Mark II-besetninga deira. Det vart spelt inn på ulike tidspunkt mellom september 1970 og juni 1971. Det vart det første av tre album av bandet som gjekk til topps på albumlista i Storbritannia, sjølv om det ikkje heldt seg på listene like lenge som forgjengaren Deep Purple in Rock. Sjølv om albumet har selt over ein million eksemplar i Storbritannia, har det aldri vorte sertifisert der. BakgrunnAlbumet var det første Deep Purple jobba med etter å ha etablert karrieren med In Rock, som hadde vore ein kritisk og kommersiell suksess og halde seg på hitlistene i over eit år. På grunn av dette var gruppa stadig etterspurt for konsertar, noko som byrja å gå ut over helsa til bandmedlemmene. Klaverspelaren Jon Lord fekk ryggproblem (som stammar frå tida i The Artwoods, då han måtte transportera eit Hammondorgel til konsertar utan hjelp frå eit scenemannskap), og bassisten Roger Glover fekk mageproblem som forhindra han frå å spela live ved fleire høve. Gitaristen Ritchie Blackmore følte at han hadde fått rett i avgjerda om å konsentrera seg om hardrock, og meinte at suksessen i gruppa i stor grad kom frå han. Dette førte til ein aukande konflikt med vokalisten Ian Gillan, og forholdet mellom dei to byrja å bli anstrengt. Materialet til albumet vart innøvd i Welcombe Manor i Devonshire i desember 1970.[7] Bandet avlyste fleire konsertar for å setja saman materiale som kunne fungera som ein oppfølgjar til In Rock. «Strange Kind of Woman» vart skrive under desse øktene, og låten vart saman med «The Mule» spelt inn i januar 1971. Ein annan låt, «Freedom», vart skrive på Welcombe og spelt inn under desse sesjonane, men kom ikkje med på den endelege sporlista. Anna materiale vart spelt inn mellom konsertane fram til mars.[8] «Strange Kind of Woman» vart lagt til live-settet i gruppa i slutten av januar, og utvikla seg raskt til å bli eit showpiece der Gillan song Blackmores gitarriff på ein call and response måte.[9] Den siste låten som vart spelt inn var «Demon's Eye» i juni.[10] SalslisterFireball nådde førsteplass på den britiske albumlista,[11] og låg òg på førsteplass i fleire andre europeiske land som Tyskland, Austerrike og Sverige. I Nord-Amerika utkonkurrerte han forgjengaren In Rock og nådde 32. plassen i USA[12] og nr. 24 i Canada.[13] SinglarDen opphavlege britiske versjonen hadde «Demon's Eye» som tredje spor, men inkluderte ikkje «Strange Kind of Woman», som i staden vart gitt ut som singel der. Den amerikanske versjonen inneheld det sistnemnde sporet i staden for det førstnemnde.[10] Den boogie-inspirerte singelen «Strange Kind of Woman» nådde åttandeplassen i Storbritannia og Tyskland, og gjekk heilt til topps i Danmark. «Fireball», tittelsporet til albumet, vart òg gitt ut som singel og nådde 15. plassen i Storbritannia. «Strange Kind of Woman» har vore ein fast del av livesettet gjennom heile karrierne deira, og «Fireball» har òg hatt nokre få liveopptredenar, hovudsakleg som ekstranummer, då han kravde at Ian Paice brukte ei kontrabasstromme som vart sett opp i pausen etter hovudsettet. «Strange Kind of Woman» og «The Mule» vart spelt jamleg på konsertane deira gjennom heile 1972 (og finst på livealbumet Made in Japan), der sistnemnde erstatta ein instrumental «Paint It Black» som ein reiskap for ein trommesolo av Paice.[14] «Anyone's Daughter» vart spelt på turneane i 1993-1994, medan «Fools», «No One Came», «I'm Alone», «Demon's Eye» og «No No No No» alle har dukka opp med jamne mellomrom på ulike turnear sidan 1996. Utgivingar og nyutgivingarDen opphavlege vinyl-utgivinga var i eit dobbeltfalsa omslag, med ein generisk Harvest LP-pose og eit tekstvedlegg. I september 2010 vart det gitt ut ein CD i 24k gull i avgrensa opplag av Audio Fidelity. CD-en vart mastra frå dei originale masterbanda av Steve Hoffman. Gull-CD-en inneheldt den originale USA-sporlista med «Strange Kind of Woman» og har ikkje «Demon's Eye». MottakingDei fleste i bandet reknar ikkje albumet som ein klassikar, sjølv om det er ein av Ian Gillan sine favorittar. Han uttalte i eit intervju i 1974: «Grunnen til at eg likte det så godt, var fordi eg syntest at det var byrjinga på enorme uttrykksmoglegheiter når det gjaldt låtskriving. Og nokre av spora på det albumet er verkeleg, verkeleg oppfinnsame.»[15] Gillan uttalte likevel òg at inkluderinga av «Anyone's Daughter» på albumet var «litt moro, men eit mistak.»[16] Spesielt Ritchie Blackmore uttalte offentleg at han ikkje var altfor nøgd med Fireball. Han sa om produksjonen: «Det var litt av ein katastrofe, fordi det vart sett saman i studio. Presset frå leiinga, me hadde ikkje tid. Eg sa til dei: 'Viss de vil ha ein LP, må de gi oss tid.' Men det ville dei ikkje. Eg berre kasta idear til gruppa som eg kom på i farten.»[15] Jon Lord uttalte at Fireball «vandrar litt» og «går til stader som bandet ikkje forventa at det skulle gå til». Lord rosa fleire av låtane på albumet, mellom anna «No No No No» og «Fools», og trekte spesielt fram trommespelet til Ian Paice på tittelsporet.[17] Seinare påverknaderI ein episode av That Metal Show den 9. april 2011 uttalte gitarvirtuosen Yngwie Malmsteen at storesøstera hans hadde gitt han Fireball då han var åtte år gammal, og at det «forandra alt» for han. På same måte har Metallica-trommeslagaren Lars Ulrich uttalt at han kjøpte eit eksemplar av Fireball i løpet av 12 timar etter at faren hadde teke han med på ein Deep Purple-konsert i København i 1973, og han krediterer konserten og albumet for å ha vekt hans interesse for hardrockmusikk.[18] På same måte uttalte Michael Monroe i podcasten til Eddie Trunk at det var det første albumet han kjøpte, og eit av dei første han høyrde saman med Led Zeppelin II, og at det hadde stor innverknad på karrieren hans innan rock and roll. King Diamond nemner òg Fireball som det første studioalbumet han kjøpte som tenåring, og som ein viktig innverknad på den framtidige karrieren hans.[19] InnhaldAlle songane er skrivne av Ritchie Blackmore, Ian Gillan, Roger Glover, Jon Lord og Ian Paice. Original europeisk utgåve
Original nordamerikansk og japansk utgåve
Bonusspor på 25-årsjubileumsutgåva
Medverkande
Salslister
Salstrofé
Kjelder
|
Portal di Ensiklopedia Dunia