(I'd Be) A Legend in My Time
«(I'd Be) A Legend in My Time» er ein song skriven og framført av Don Gibson i 1960. Han vart gjeven ut som B-sida til hitten «Far Far Away» frå albumet Sweet Dreams. Gibson spelte inn songen på ny i 1972 for albumet Country Green. Roy Orbison spelte inn songen i 1961 for albumet Lonely and Blue. Orbison spelte seinare inn ein ny versjon i 1967 på albumet hans av Don Gibson-songar kalla Roy Orbison Sings Don Gibson. Songen vart spelt inn i 1974 av Ronnie Milsap og gjeven ut som den første singelen hans frå albumet A Legend in My Time. Dette vart den sjette countryhitten til Ronnie Milsap og den tredje som nådde toppen av countrylista i USA.[1] Songen er spelt inn av mange andre artistar, som regel som «A Legend in My Time». Versjonar er spelte inn av Connie Francis, Johnny Cash (på albumet American V: A Hundred Highways), Timi Yuro, Frank Ifield, The Everly Brothers, B.B. King, Hank Snow, Waylon Jennings, Rick Nelson, Dottie West, Dolly Parton, Paul Anka, Joan Baez og Ray Price.
Read more: Don Gibson - I'd Be A Legend In My Time Lyrics | MetroLyrics
Lister
Kjelder
BakgrunnsstoffInformation related to (I'd Be) A Legend in My Time |
Portal di Ensiklopedia Dunia